Søkeord

Versjon: 1. utgave
Forlag: Tapir Akademisk Forlag
Publisert: 2008-11
Antall sider: 160
ISBN: 9788251922814
Tilgjengelighet: Sendes vanligvis innen 1-2 virkedager.
Kategori: Biologi og natur
Andre samfunnsfag
Innbinding: Heftet

Raudåte – redning eller ruin

Jennifer Bailey, Rachel G. Tiller, Oddmund Otterstad og Aud Mikkelsen Tretvik (red.)

På salg!

Veiledende pris: 295;-
Kjøp

NOK 98

Bokbeskrivelse

I denne boka handsamar ei gruppe samfunnsvitarar pluss ein biolog, alle med tilknyting til NTNU, ulike sider ved mulig fangsting av dyreplanktonet raudåte (Calanus finmarchicus). Dette er den største enkeltressursen i norske farvatn på lågare trofisk nivå, det vil seie lenger ned i næringskjeda. Raudåte utgjer ein vesentlig del av dietten for dei mest verdifulle fiskeslaga våre.

Raudåte representerer ei spennande, men også risikofylt utfordring for dei norske fiskeria i tida framover. Fangsting lenger ned i den marine næringskjeda kan opne for ei radikal omlegging av fiskerinæringa. Noreg er eit føregangsland når det gjeld forsking på raudåte, men hittil er det forbod mot fangst til kommersielle føremål. NTNU gjennomførte 2000-2005 eit stort strategisk universitetsprogram kalla Calanus som gjekk inn i kjernen av denne diskusjonen. Ein har sett på om eit berekraftig fiske på nivå lenger ned i næringskjeda er mulig.

Boka er skrive for den norske offentligheita, både for lekfolk og for fagfolk som interesser seg for marine problemstillingar. Hovudsiktemålet er å sette dei tekniske og biologiske bidraga inn i ei samfunnsmessig ramme. Boka er samstundes formidling av den samfunnsfaglige delen av Calanus-programmet ved NTNU.

Boka inneheld følgjande bidrag:
- Bailey, Tiller, Otterstad og Tretvik: Raudåte – redning eller ruin?
- Rachel Tiller: Raudåte – bakgrunn for satsinga og mulige konsekvenser av fangsting
- Nils Tokle: Fangst av dyreplankton for industrielle applikasjoner – muligheter, begrensninger og konsekvenser
- Rachel Tiller: Problematikken rundt raudåte og potensielle konsekvenser for fiskevernsonen
- Jennifer Bailey og Rachel Tiller: Politiske aspekt ved raudåte
- Oddmund Otterstad: Raudåte – en joker i fiskerienes utvikling
- Jahn Petter Johnsen: Styring og kybernetisering i norsk fiskerinæring
- Anders Skonhoft og Jan Olaf Olaussen: Høsting på ulike trofiske nivå i et økologisk system
- Galina Gaivoronskaia: Viktige forbrukarspørsmål når det gjeld hausting og kommersialisering av raudåte
- Nils Naastad: Forskerstyrt overfiske: sild og sammenbrudd på 1960-tallet.

Les mer