There are no products in your shopping cart.
Danning, identitet og dialog. Festskrift til Jan Ove Ulstein og Per M. Aadnanes. Kyrkjefag Profil nr 9
Price: 345,00 kr
Availability: Usually ships in 24 hours (only workdays).
Tip a friend about this book!
About the book
Dei to jubilantane dette festskriftet er ei helsing til, har nedlagt eit livslangt og omfattande arbeid i utdanning av ungdom til lærarar i skule og kyrkje. Eit mangfald av spørsmål vedrørande tru og etikk, danning og identitetsforming har oppteke dei, og ikkje minst engasjert dei i dialogen med andre fagmiljø som idéhistorie og samfunnsvitskap.
Artiklane i dette festskriftet femner eit breitt spektrum innan jubilantane sine verkefelt. Litt romsleg tolka lar dei seg innordne under stikkorda danning, identitet og dialog. Meir presist er dei ordna under fire deloverskrifter som litt romsleg vurdert bør kunne fungere som nærare indikatorar for kva stoffet dreier seg om. Dei fire delane er:
Del 1: Danning, identitet og demokrati
Del 2: Teologi, etikk og det allmenne
Del 3: Bibeltekster, identitet og dialog
Del 4: Poetar, identitet, kriser og dialog
Boka vil bidra til innsikt i viktige tema innan oppsedinga, identitetsforminga og dialogarbeidet i skule og kyrkje.
Kyrkjefag Profil
er ein skriftserie frå Institutt for religon, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.
Published: 2009-05
Case type: Paperback
Number of pages: 274
ISBN: 9788251924191



Norwegian

![Expand cart block. []](/sites/all/modules/ubercart/uc_cart/images/bullet-arrow-up.gif)
